Forsvaret utset hevinga av fregatten Helge Ingstad til neste år

Dronebilde av redningsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad».

Dronebilde av redningsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad». Foto:

Av

Omsyn til helse, miljø og sikkerheit, komplekse operasjonar og berekningar, og dessutan dårleg vêr gjer at fregatten Helge Ingstad tidlegast vert heva i januar.

DEL

Forsvaret opplyser at fartøyet, som kolliderte med tankskipet TS Sola ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland natt til 8. november, har sige litt lenger ned på grunn av periodevis dårleg vêr. Det har igjen gjort at fregatten er nedi botnen der fire av kjettingane skulle førast under.

Det er dermed for trongt for dykkarane å plassere det siste settet med løftekjettingar, og Forsvarsmateriell vurderer derfor andre moglegheiter for å løfte fartøyet i akkurat dette partiet.

Samtidig er det mange tryggingsomsyn å ta fordi mange aktørar er involvert samtidig. Forsvaret opplyser at til saman tjue personar jobbar med å plassere éin kjetting, og gjerne med fire kranar samtidig. Kvar av kjettingane som har vorte montert på fregatten, veg mellom 12 og 15 tonn.

– Det dreier seg om alt frå sikkerheita til dykkarane til forholdsreglar ved å handtere store kranar og enorme kjettingar. Fram til no har eitt av dei største faremomenta vore klemfare for dykkarane, opplyser Arild Øydegard, prosjektleiar for hevingsoperasjonen hos Forsvarsmateriell.

Artikkeltags