Søket etter sakna båt held fram for fullt

Hovudredningssentralen søker etter mannen som torsdag la ut frå Helgelandskysten i Nordland. Laurdag deltek helikopter, fly og rundt 20 båtar i søket

DEL

(BA): Laurdag morgon fortel operasjonsleiar Per Algrøy at mannen framleis ikkje er funnen.

En fritidsbåt med ein mann i midten av 50-åra er sakna i Fensfjorden, på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, meldte Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) like etter klokka 13 fredag.

Båten er av typen Paragon 31 fot.

Køyrt frå Nordland

– Siste observasjon var ved nordsida av Fensfjorden, på veg til Bergen, opplyste HRS i den første meldinga.

Leiteaksjonen er derfor konsentrert til området i Fensfjorden og nord for Fedje.

– Rundt 20 båtar i tillegg til nokre frivillige leitar etter den sakna, saman med to helikopter og to småfly, seier vaktleiar i Hovedredningssentralen Sør, Asbjørn Viste til BA.

Det er også sett i gang strandsøk på holmar og skjær i området.

– Jakta held på for fullt i alle område som er høgst aktuelle i forhold til den staden der noko eventuelt har skjedd. Vi har veldig gode søkeforhold akkurat no, med mange ressursar, tilføyer Viste.

HRS fekk fredag klokka 1030 inn ei bekymringsmelding frå ein venn av båtføraren.

Mannen har bustadadresse i Sandnessjøen, ein by langs Helgelandskysten i Nordland fylke. Han la torsdag ut mot Hjellestad i Bergen der han visstnok skulle selje båten. Det fortel Ståle Jamtli, redningsinspektør ved HRS.

– Vennen opplevde at samtalen med båtføraren vart broten og gav oss beskjed, seier han.

Mannen skal ha køyrt i hele natt.

Saka held fram under bildet

Stor leiteaksjon

Fleire aktørar deltar i søket både i båt og frå lufta, deriblant Røde Kors, losbåt og Luftambulanse frå Bergen.

Søket strekker seg frå Fedje til Hjellestad i Bergen, opplyser leder for Røde Kors-båten i Hordaland, Terje Hårvik.

– Det er et stort søksområde, fortalde han klokka 1440.

Saka held fram under bildet

«Observasjonar av sakna båt er av stor interesse og kan meldast til Hovedredningssentralen Sør-Norge eller Politiets operasjonssentral i Bergen.», melde HRS på Twitter klokka 1345.

Fleire meldingar om observasjonar

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt opplyser at dei i løpet av fredagen har mottatt meldingar om observasjonar om liknande båtar.

– Vi formidlar alle observasjonar vidare til HRS, som handterer saka. Vi er framleis interessert i observasjonar, seier operasjonsleiaren.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags