Gå til sidens hovedinnhold

Jan Rydheim (56) var om bord i sakna båt. Politiet ber om tips i saka

Artikkelen er over 2 år gammel

Søket etter ein fritidsbåt med ein mann om bord har halde på sidan fredag. No går politiet ut med namn og bilde i håp om nye tips frå publikum.

HRS søker med store ressursar etter sakna båt «Paragon» 31 fot som skulle gå frå Sandnessjøen til Hjellestad ved Bergen og komme dit rundt kl. 12 i går 23.11, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

HRS leiar sjøsøket. Dette har til no ikkje gitt resultat.

Det er no igangsett strandsøk i Austrheim kommune. Dette utførast ved hjelp av frivillige og vert leia av Vest politidistrikt.

Det er den 56 år gamle Jan Rydheim som er sakna. Namnet og bilde blir gitt ut i samråd med familie.

Sakna er har lang erfaring på sjø.

Les også

Søket etter sakna båt held fram for fullt

 

Opplysningar i saka kan givast til HRS eller Vest politidistrikt på 02800

Bildet er av ein tilsvarande båt.

 

Kommentarer til denne saken