Den omfattande leiteaksjonen fortset søndag: Har funne spor på skjer

Har du sett denne mannen, eller båten, kontakt politiet på 02800 eller Hovudredningssentralen på 51 64 60 00

Har du sett denne mannen, eller båten, kontakt politiet på 02800 eller Hovudredningssentralen på 51 64 60 00

Søket etter Jan Rydheim (56) fortset gjennom søndagen. Politiet mistenker at spor på skjer kan stamme frå den sakna båten.

DEL

– Vi har gjort eit funn i området Fedjefjorden, heilt sør i Fensfjorden. Det er nokre merke på eit skvalpeskjer. Difor er det litt stor aktivitet der no, seier politiets innsatsleiar Rune Vedeler til NRK.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med Vest politidistrikt, stadfestar at det er gjort funn på ein holme.

– Det er funne avskrapingar på ein holme som vi undersøker vidare. Det kan settast i samaheng med den båten vi søker etter. Vi held også oppe søket i dei søketeigane som mannskapet har fått, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Hans-Eirik Thue.

Dykkarar og undervassfartøy er i gang med å undersøke området rundt holmen. Djupna der er kring 20 meter, men leitemannskapet har til no ikkje gjort konkrete funn.

– Det er sterk flaum ved flo og fjære der, så slik sett kan det vere vanskeleg å gjere funn, men vi må undersøke området, seier Thuen.

Ber om tips

Utover dette er det framleis ikkje gjort kontrete spor etter mannen eller båten, og politiet ber framleis om tips frå publikum i saka.

– Det er gjort søk med båtar i natt. Med dagslyset trapper vi opp aksjonen, sa vakthavande redningsleiar Børge Galta til BA søndag morgon.

Dei konsentrerer søket i området Austreim/Fedje.

– Vi søker med fem småfly, tre redningsskøyter, båt frå Røde Kors og fleire frivillige. Politiet leiar strandsøk, seier han.

Redningsskøytene Kristian Gerhard Jebsen 2, Bjarne Kyrkjebøe og Utvær deltar i leitinga.

Dei har etterlyst mannen og båten med fullt bilde og namn. Foreløpig har det ikkje komme inn tips i saka.

Har du sett denne mannen, eller båten, kontakt politiet på 02800 eller Hovedredningssentralen på 51 64 60 00

  • Rydheim køyrde ein «Paragon» 31 fots fritidsbåt frå Sandnessjøen i Nordland og skulle eigentleg komme til Hjellestad i Bergen fredag i 1200-tida.
  • Siste observasjon av mannen var ved nordsida av Fensfjorden, på veg til Bergen.
  • Fredheim skulle selje båten i Bergen. Klokka 1030 på fredag snakka han med ein kamerat på telefonen. Plutseleg høyrde vennen et dunk og samtalen vart broten.
  • Vennen kontakta Hovedredningssentralen.
  • Hovedredningssentralen ønsker å komme i kontakt med eit mindre fartøy som passerte Fensfjorden frå Brosmeosen til Vetegjøgra mellom klokka 10 og 11 fredag 23. nov.

Ny vurdering

– Vi skal nytte oss av dagslyset og søke for fullt. Innsatsen til dei frivillige er helt fenomenal, seier Galta.

Kor lenge søket vil halde fram med denne intensiteten, er uvisst.

– Vi vil ta ei ny vurdering når mørket fell på om kva vidare søk vi skal starte opp måndag, seier Thue.

Artikkeltags