Tre av fire unge har delt nakenbilde av seg sjølv

ANGRAR: 35 prosent av dei spurde i undersøkinga angrar på at dei har tatt eller sendt eit nakenbilde av seg sjølv

ANGRAR: 35 prosent av dei spurde i undersøkinga angrar på at dei har tatt eller sendt eit nakenbilde av seg sjølv Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: Ei ny undersøking viser at tre av fire unge i alderen 18 til 20 år har delt nakenbilde av seg sjølv. 40 prosent har tatt slike bilde av seg sjølv.

DEL

Undersøkinga er utført av InFact/YouGov på vegner av Telenor og UNICEF Noreg. Det kjem også fram at to av tre har fått nakenbilde av andre, og at éin av tre ville skulda på seg sjølv dersom bilda kom på avvegar.

– Det er overraskande at det er fleire som sjølv tar på seg skulda for at eige nakenbilde kom på avvegar, enn å skulde på den som faktisk sende det vidare, seier Ana Brodtkorb, leiar for samfunnsansvar i Telenor, til Dagsavisen.

– Det er trist at unge tenkjer at «den som er med på leiken, må tole steika», når det er den som vidaresende bildet som har gjort noko gale, legg ho til.

35 prosent av dei spurde angrar på at dei har tatt eller sendt eit nakenbilde av seg sjølv, og 63 prosent seier dei ikkje vil gjere det i framtida.

Å ta, oppbevare og dele nakenbilde av andre kan vere straffbart, og 93 prosent av dei spurde seier dei er klar over at ein kan bli straffa for dette.

Undersøkinga blir lagt fram under debatten «Nakenbilder – straff eller tilgivelse» på Arendalsveka torsdag.

«Gunnhild» sende nakenbilde til fleire enn ho hadde tal på 

Artikkeltags