Gå til sidens hovedinnhold

Ferja over Fensfjorden vart innstilt

Artikkelen er over 3 år gammel

Tekniske problem set ferja mellom Leirvåg og Sløvåg ute av drift, måndag.

Det melder Norled.

– Det er ein elektrisk feil i maskinkontrollrommet, seier regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker til avisa Nordhordland.

Han seier feilen oppstod medan MF «Melderskin» låg til kai i Leirvåg.

– Me veit ikkje noko meir om dette enno eller kor lang tid det tek før me får ordna det att, seier han.

Ferja var i normal drift frå klokka 12.15.

Les også

Fyllekøyrar køyrde i to bilar

Kommentarer til denne saken