Utanlandsk turgåar vart redda av Røde Kors

Ei utanlandsk kvinne kom til rette i ein redningsaksjon i Modalen søndag.

DEL

– Aksjonen starta i 12-tida på dagen, fortel Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

Kvinna var på tur i skogen i fjella i Modalen.

– Ho har sendt melding til ei venninne om at ho trengde hjelp. Deretter gjekk mobilen tom for straum, og politiet fekk ikkje tak i ho, fortel Våge.

Røde kors vart kontakta, og politiet køyrde mot staden. Hovudredningssentralen vart også involvert.

– Det begynte etter kvart å bli mørkt, men Røde Kors fann kvinna i 17-tida, fortel Våge.

Kvinna vart transportert ned frå fjellet og til Bergen, der ho skulle bu hos ei venninne.

– Ho var litt kald, elles hadde det gått greitt, fortel Våge.

Artikkeltags