Yvonne (26) starta innsamlingsaksjon via Facebook. – Pengane går til gåver til dei som gruer seg til jul

Yvonne Skintveit (26) fekk butikksjef på Norli, Nils Frøseth, med på laget då ho bestemde seg for å starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for gåver til born i Nordhordland som gruer seg til jul.

Yvonne Skintveit (26) fekk butikksjef på Norli, Nils Frøseth, med på laget då ho bestemde seg for å starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for gåver til born i Nordhordland som gruer seg til jul. Foto:

– På berre eit døgn har eg fått fantastisk respons, og allereie motteke 7600 kroner. Fortset det slik kan vi glede mange born.

DEL

Det seier Yvonne Skintveit (26) frå Kløvheim i Lindås kommune.

Då ho såg at Røde Kors Nordhordland oppmoda familiar som ikkje har moglegheit til å kjøpe gåver sjølv, til å melda seg som mottakarar av julegåver, fekk ho ein idé.

– Eg synest det er grufullt å tenka på at det finst så mange born i Nordhordland som gruer seg til jul, og som ikkje får julegåver, og eg hadde lyst til å hjelpa til, seier 26-åringen.

Samarbeid

Yvonne kontakta butikksjef på Norli på Knarvik senter, Nils Frøseth og spurde om han ville vera med på eit felles prosjektet, kor ho stod for innsamlinga og handtering av pengane, og han for rabatt på gåvene kjøpt på Norli, og hjelp til å finna passande gåver til ulike aldersgrupper.

– Eg kjenner Nils frå før, og eg veit at flink, positiv og er lett få med seg på slike ting; så då eg presenterte ideen om å samarbeida med han sa han ja med ein gong, fortel ho.

– Det er utruleg kjekt å kunne bidra til eit så flott formål, seier Frøseth.

Yvonne oppretta ein eigen konto i nettbanken sin, og skreiv i eit innlegg på Facebook at ho har starte ein innsamlingsaksjon for dei som gruer seg til jul, i Nordhordland.

– «Vi ønsker å samle inn pengar til de som ikkje har råd til å kjøpe gåver til barna sine. Det gjeld barn ifrå 0–20 år. Nils gir gode rabattar i butikken sin, så gåvene vil vere alt frå bøker, spel, tegnesaker, puslespel, duplo, lego og bamser», skriv Yvonne på Facebook.


Frist 16. desember

Sidan fristen til å levera gåver til Røde Kors er 18. desember, har Yvonne sett ein tidsfrist på å donera pengar til 16. desember.

– Då rekk eg å handla alle gåvene som trengst, pakka dei inn og skriva på kvar pakke kva for alder og kjønn gåva passar til – og levera dei i tide, seier ho oppglødd.

Yvonne kom på ideen førre veke, og skreiv Facebookinnlegget måndag denne veka. Ho er oppglødd over responsen.

– Det har vore ein fantastisk respons, per no har 50 stk. delt innlegget mitt, og allereie etter litt over eit døgn har eg motteke 7600 kroner. Den eine givaren, som eg enno ikkje veit kven er, har gitt heile 5000 kroner.

26-åringen fortel at ho er rørt til tårer.

– Eg får frysningar og tårer i auga når eg ser kor mykje dette engasjerer, og kor gåvmilde folk er. Det er ein stor motivasjon å tenka på kor glade borna vert. Det må vera grufullt vite at ein som foreldre ikkje har moglegheit til å gi borna sine gåve til jul.

– Ja, det er utrolig fint å sjå at folk bryr seg og har omtanke for andre. Spesielt når det er born i bildet vert folk engajsert og vil hjelpe, legg Frøseth til.

Gjentaking neste år

Viss responsen fortset å vera like stor dei neste to vekene, fortel Yvonne at ho vil gjenta prosjektet neste år.

– I år måtte vi gjera det enklast mogleg, i og med at fristen var så kort – men neste år gjer vi kanskje endå meir ut av det, for eksempel ved at folk kan donera valfrie gåver, vi kan involvera fleire butikkar eller liknande.

På spørsmålet om kvifor ho vel å gjera dette, til trass for at desember allereie er ein travel månad, svarer ho at motivasjonen er å tenke på kor mykje dette betyr for borna som tek imot gåvene.

– Eg føler ikkje eg har gjort så mykje heller, eigentleg. Eg brukte ikkje mange minutt på å skriva innlegget, men det er godt å vita at vi saman kan hjelpa nokon der ute.

Viss ein ønsker å donera pengar, kan eg vipse eit valfritt beløp til 93451531 eller overføra pengar til konto 3632.61.53227.



Artikkeltags