Noreg dømt for menneskerettsbrot etter tvangsadopsjon

Noreg krenkte Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) i ei sak om tvangsadopsjon av eit barnevernsbarn, slår Menneskerettsdomstolen (EMD) fast.

DEL

(NTB): Det melder NTB tirsdag.

Med 13 mot 4 stemmer har domstolen konkludert med at norske styresmakter i 2012 krenkte både mora og sonen sin rett til familieliv i Den europeiske menneskerettskonvensjon.

Mindretalet består av dommarane frå Danmark, Finland, Slovakia og Noreg.

Kjernen i kritikken til fleirtalet er at norske domstolar ikkje gjorde ei tilstrekkeleg brei vurdering då han gav samtykke til adopsjon i 2012.

Mora fødde ein gut i september 2008. Tre år seinare, 8. desember 2011, bestemte Fylkesnemnda at ho skulle fritakast foreldreansvaret, og at fosterforeldra skulle få lov til å adoptere han.

Vanskeleg vurdering

Då saka i si tid vart behandla i tingretten, la retten stor vekt på at barnet, som då var tre og eit halvt år gammalt, ikkje kjente foreldra sine i særleg grad, sidan det hadde vore i fosterheim frå det var tre veker gammalt. Tingretten kom til at adopsjon, etter omstenda, var best for barnet, skriv Rett24.

– Saker om adopsjon etter barnevernslova inneber alltid vanskelege vurderingar, der omsynet til dei biologiske foreldra må vegast opp mot kva som er det beste for barnet. Vi registrerer at eit fleirtal i EMD meiner at den grunngivinga som norske domstolar gav i 2012, leid av svakheiter, og at dette utgjorde ei krenking, seier regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som førte saka på vegner av Noreg.

250.000 i erstatning

Saka vart endeleg avgjort av norske domstolar i 2012, men vart seinare bringa inn for EMD av den biologiske mora til barnet. Ved den første behandlinga av saka i 2017 konkluderte EMD med at retten til familieliv ikkje var krenkte. Den avgjerda vart kunngjort under dissens 4–3. Saka vart deretter bringa inn for EMDs storkammer, som no har konkludert.

– Saker om adopsjon er viktige for dei som er rørte, og vi tar òg dommen frå EMD i dag på største alvor, seier Sejersted. Vi vil no gjennomgå dommen nøye i samråd med Barne- og familiedepartementet, seier Sejersted

Staten er dømd til å betale den biologiske mora cirka 250.000 kroner i erstatning for ikkje-økonomisk tap.

Regjeringsadvokaten understrekar at dommen ikkje inneber at adopsjonsvedtaket frå norske domstolar er oppheva, eller at barnet no skal førast tilbake til den biologiske mora.

Har fått to nye barn

I dommen blir det slått fast at avgjerda til dei norske styresmaktene ikkje har tatt tilstrekkeleg omsyn til interessene til barnet og den biologiske familien hans, eller tatt omsyn til utviklinga i familielivet til mora, medrekna at ho i mellomtida hadde gifta seg og fått eit anna barn.

I dag lever mora saman med ektemann og deira to felles barn. Eldstesonen har ho ikkje sett sidan han var tre år.

Avgjerda kan få stor tyding for dei i alt 23 klagesakene som per i dag verserer mot Noreg i Strasbourg, ifølgje Rett24.

Skal ta lærdom

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier regjeringa tar dommen på stort alvor.

– Vi skal vurdere dommen nøye saman med Regjeringsadvokaten, seier han.

– Vi skal gjere barnevernet betre. Barnevernsloven vart endra i fjor for å gi barn og foreldre betre rettstryggleik. Også i forslag til ny barnevernslov som vi arbeider med no, er det lagt vekt på å styrke rettstryggleiken, seier Ropstad.

Han seier regjeringa vil innføre prosessar som gjer det enklare for familiane og barnevernet å bli samde om løysingar.

Artikkeltags