Redd for svigerinna med unge flyktningar i nabolaget

Hotellbygningen som var planlagt omgjort til et asylmottak ble påført skader for over ni millioner kroner.

Hotellbygningen som var planlagt omgjort til et asylmottak ble påført skader for over ni millioner kroner. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Over to år etter brannen i Hotell Luner Huler i Lindås, vel ein 36-åring å legge korta på bordet og tilstår brannen.

DEL

Tilståinga kom da ankesaka starta i Gulating lagmannsrett måndag.

– Han erkjenner skadeverk og at han var åleine om brannen, stadfestar forsvararen, advokat Petter Bonde overfor BA.

36-åringen erkjenner likevel ikkje straffskuld etter mordbrannparagrafen. Påtalemakta meiner at menneskeliv lett kunne ha gått tapt.

Fortalde om motivet

To personar låg og sov i eit tilstøytande bygg, noko han hevdar at han ikkje var klar over, eller hadde føresetnader for å vite.

– Kvifor tente han på?

– Han har gitt uttrykk for at han var svært bekymra for svigerinnas tryggleik når eit 40-tals ungdommar skulle flytte inn i det planlagde asylmottaket, seier Bonde.

I november i fjor vart mannen dømt til seks og eit halvt års fengsel, medan den eitt år eldre broren vart dømt til sju års fengsel.

Broren var bortreist og på seminar brannatta.

Påtalemakta meiner han var arkitekten og pådrivaren bak brannen. Men ifølge 36-åringens nye forklaring hadde broren ingenting med planlegginga eller brannstiftinga å gjere. Han frifinn dermed sin eigen storebror.

– Eit anna hendingsforløp

Den forklaringa sluker ikkje statsadvokat Bendikte Høgseth med hud og hår.

– Vi legg eit anna hendingsforløp til grunn, seier Høgseth til BA.

Dei to vart også dømt til å betale 9,6 millionar kroner til forsikringsselskapet etter brannøydeleggingane.

Statsadvokaten vil venteleg prosedere på at begge brørne skal dømmast etter tiltalen også i ankesaka.

Dermed blir det opp til juryen i lagmannsretten i neste veke å ta stilling til skyldspørsmålet.

Den eldste broren som har bustad like ved hotellbygninga var svært negativ til planane om asylmottak for mindreårige asylsøkarar.

Reagerte på asylmottaket

«Han er redd for at mange unge menn med traume kan vere farleg for hans sambuar. Han er redd for at sambuaren kunne bli antasta/valdtatt når han sjølv ikkje var der (..) NN trudde eit slikt asylmottak kunne redusere verdien på huset hans. Dette kjem fram i dokumentasjon av utsegn på internett, annan kommunikasjon, vitneforklaringar og tiltales egen forklaring. Det er ikkje tvil om at NN var sterkt imot at det skulle komme eit asylmottak i Lune Huler», gjekk det fram av dommen i Bergen tingrett.

Etter ei totalvurdering av bevisa fant tingretten det bevist at brørne var saman om å sette fyr på hotellet.

Fant ørsmå glasbitar

I tingretten var det mykje bevisføring frå ekspertar rundt det såkalla glasbeviset.

Glasfragment frå knust glas frå hotellet vart funnet i bilen til den yngste broren.

Forsvararane la til at det kunne stamme frå eit anna stad eller blitt overført til bilen på andre måtar.

I og med tilståinga vil bevisføringa rundt dette spørsmålet bli mindre omfangsrik, og det er venta at juryen vil trekke seg tilbake og avseia ei kjenning rundt torsdag i neste veke.

Artikkeltags