Amerikansk storavis rosar Vestlandet

TURISTATTRAKSJON: Loen Skylift er ein av attraksjonane på Vestlandet som avisa New York Times trekte fram.

TURISTATTRAKSJON: Loen Skylift er ein av attraksjonane på Vestlandet som avisa New York Times trekte fram. Foto:

Av

Avisa New York Times har lista opp 52 stader rundt om i verda som folk bør reise til i 2019. På 35.-plass står Vestlandet.

DEL

Den amerikanske storavisa skriv at Vestlandet byr på litt av Skandinavias vakraste landskap og samtidig vekkjer interesse blant dei som likar å vere utandørs.

Av konkrete attraksjonar vert til dømes gondolbana Loen Skylift i Stryn og Norsk kornølfestival i Hornindal trekte fram. Det same blir baren Tre Brør og Smalahovetunet på Voss.

På lista er Vestlandet rangert på plassen etter Usbekistan og framfor den franske byen Lyon. Øvst ligg Puerto Rico.

Artikkeltags