Desse to dagane bør du helst ikkje reise på påskeferie

Dei fleste forseinkingane i påsketrafikken oppstår torsdag og fredag denne veka, viser tal frå forsikringsbransjen.

Dei fleste forseinkingane i påsketrafikken oppstår torsdag og fredag denne veka, viser tal frå forsikringsbransjen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Om du kan, bør du unngå å reise på påskeferie torsdag eller fredag denne veka. Halvparten av forseinkingane i hele påska skjer desse to dagane.

DEL

Det viser tal frå Frende Forsikring.

– Nordmenn gjer så mykje som mogleg ut av påskeferien. Det er tydeleg når halvparten av alle forseinkingar skjer såpass lenge før dei raude dagane, seier skadesjef på reise hos Frende Forsikring, Petter Lassen.

Påska kjem også ekstra tidleg i år.

– Mange stader i landet ser vi for oss at vêret vil skape utfordringar for påsketrafikken både i lufta og på vegane, seier Lassen.

Det kan vere lurt å reise ein dag tidlegare eller utsette avreisa ein dag, anten du skal reise med fly, tog eller bil.

– Det er frykteleg kjedeleg og frustrerande å ta ut ekstra fridagar, glede seg til ferien og så ende opp i kø, seier Petter Lassen.

Om du likevel reiser torsdag eller fredag denne veka, er det viktig å berekne god tid.

– Planlegg godt om du skal rekke vidare flygingar, og sjekk at togstrekningar eller køyreruter ikkje er påverka av vedlikehaldsarbeid som kan forsinke deg ytterlegare, anbefaler Lassen.

Undersøkingar viser at hele 70 prosent av skadane som skjer torsdag og fredag før påskeveka skyldas forseinkingar. Talet på melde skader på reiseforsikringa er 40 prosent høgare i påska enn i vekene før og etter høgtida.

– Tal frå de siste tre åra viser at torsdag og fredag denne veka har flest skader i påska, tett følgt av onsdag neste veke og skjærtorsdag, seier Petter Lassen.

De hyppigaste skadetypane er forsinka framkomst, innhenting av reiserute ved forsinka avgang og forsinka bagasje.

Dette gjer du om flyet er forsinka:

  • Kontakt selskapet du reiser med. Sjekk kva dei dekker og når du kan forvente å få reise.
     
  • Kva du har krav på, avheng av kor langt du skal reise og kor langvarige problema blir. Husk å ta vare på alle kvitteringar om du legg ut for mat eller overnatting.
     
  • Ein EU-domstol har slått fast at om reisa di er forsinka med meir enn tre timar, har du rett til same standardkompensasjon som ved innstilte flygingar.
     
  • Om du ikkje får dekka alle ekstrakostnader etter forseinking eller kansellering, kontakt forsikringsselskapet. Husk at dekningane til selskapa varierer.
     
  • Forbrukarrådet har god informasjon på sine nettsider om kva du har rett på for din type reise.
     

Den rolegaste skadedagen i påska er 1. påskedag.

– Sjølv om det ikkje er så populært å skunde på heimreisa frå påskeferien, kan det vere et godt tips å komme seg heim igjen ein dag tidlegare for å unngå potensielle forseinkingar, seier Petter Lassen.

Påska sine tre på topp-dagar når det gjeld forseinkingar:

  • 1. Fredag 23. mars
  • 2. Torsdag 22. mars
  • 3. Onsdag 28. mars

(ANB)

Artikkeltags