No må du betale for å ha med handbagasje hjå Norwegian

Frå februar må ein betale ekstra for handbagasje.

Frå februar må ein betale ekstra for handbagasje. Foto:

Av

Frå februar får passasjerar som har Norwegian sine billigaste billettar, ikkje ta med seg ein trillekoffert i handbagasjen utan å betale ekstra.

DEL

Informasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian seier til Nettavisen at endringane er ein naturleg del av forretningsmodellen til selskapet.

– Dei som ønskjer å ha med seg ein liten trillekoffert som skal leggjast i hattehylla om bord, kan betale litt ekstra for dette eller velje ein annan billettype, seier han.

Til no har kundane til Norwegian med flybillettar av typen LowFare, Lowfare+, Flex og Premium hatt moglegheit til å ta med seg handbagasje i form av for eksempel trillekoffert på inntil 10 kilo, som har kunna liggje gratis i hattehylla.


Artikkeltags