– Pass på kvarandre ute på sjøen!

Ein varm og lang sommar har ført til ekstremt høg aktivitet ute på sjøen.

Ein varm og lang sommar har ført til ekstremt høg aktivitet ute på sjøen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Redningsselskapet slår alarm etter uvanleg mange drukningsulykker i juli.

DEL

Så langt i år har Redningsselskapet rykka ut på 442 fleire oppdrag enn i fjor. Fleire av oppdraga har vore i samband med drukningsulykker, som det har vore uvanleg mange av så langt i år.

– Lite hyggeleg

I løpet av årets seks første månader omkom 52 personar som følge av drukning, mot 38 i same periode i fjor. Tala for juli er enno ikkje klare, men med 12 stadfesta dødsfall, var juli 2017 passert alt den 20. i år.

Sidan då har NTB omtalt minst to dødsfall i samband med drukning.

– Vi har ikkje den endelege statistikken klar, men vi kan alt slå fast at det er uvanleg mange drukningar i juli i år, seier pressevakt Lars Mosby Enger hos Redningsselskapet til NTB.

Mannskapet på redningsskipet Klaveness Marine har vore med på fleire oppdrag i samband med drukningsulykker i år.

– Det har vore veldig mykje drukning, mykje av det frå land i samband med bading. Det er lite hyggeleg, men dessverre ein del av jobben det også, seier båtføraren, som i likskap med dei to andre i mannskapet også er topptrent redningsmann.

Følg med på bading!

– Det er fantastisk flott at folk kosar seg i sommarsola, men det er veldig, veldig ille når folk druknar. Dette viser berre at det er veldig viktig å passe på kvarandre, og følge med på dei som bader, fortset Abrahamsen.

I sommar har det vore uvanleg varmt over heile landet, og mykje av forklaringa bak det høge druknings- og oppdragstalet ligg kort og greitt i det at fleire nyttar seg av sjøen.

– Med så mange veker samanhengande med pent vêr har vi sett ein aktivitet som aldri før, med ekstremt mykje båtar. Sjølvsagt kjem det også hendingar der etter, seier han.


Stort sett bra

I løpet av juli har Klaveness Marine vore ute på hele 130 redningsoppdrag. Som regel dreier det seg om motorstopp, slep, teknisk bistand og dykking i samband med tau på propell og liknande. Dei meir alvorlege hendingane er sjeldnare, og folk ter seg stort sett bra ute på sjøen, meiner Abrahamsen.

– De fleste er veldig flinke, men det er sjølvsagt ein og annan som bryt femknopssona og passerer båtar i altfor høg fart, seier han, og legger til at det dessverre også framleis er ein del som kombinerer alkohol og båtkøyring på sommerkveldane.

Saka fortset under bildet.

Båtfører, dykker og redningsarbeider Pål Abrahamsen sier at det er veldig viktig å passe på hverandre ute på sjøen.

Båtfører, dykker og redningsarbeider Pål Abrahamsen sier at det er veldig viktig å passe på hverandre ute på sjøen. Foto:


Støtter vasscooter-krav

Utfordringar er det også knytt til at stadig fleire skaffar seg vasscooterar, meiner redningsarbeidaren.

– Berre i løpet av de siste dagane har det vore to alvorlege ulykker. Det er framleis veldig få vasscooterar i forhold til fritidsbåtar, men de er ei klart utsett gruppe, seier Abrahamsen. I likskap med fleire av sine kollegaer i Redningsselskapet etterlyser han at det innførast krav om eit eige høghastigheitssertifikat, som også omfattar vasscooterar.

– Vi har sett eksempel på er at ein del av ulykkene er forbundet med høy hastigheit, mørke og dessverre alkohol. No er det reglar for alkohol på sjøen, men kompetansekravet heng etter, seier Abrahamsen. (ANB-NTB)

Artikkeltags