Tidlegare skreiv Avisa Nordhordland om at Adrian Sellevoll frå Hillesvåg skal delta i Discovery sin produksjon av den opphavlege britiske tv-serien «Ex on the beach».

Det har no kosta han jobben som modell for Team Models ved leiar Eivor Øvrebø, melder VG.

– Dårleg reklame å representere han

– Han hadde informert ein av bookerne her hos Team at han var med, men eg hadde inga aning om kva slags program det dreidde seg om, opplyser Øvrebø til VG, som har leia modellbyrået i 52 år.

– Adrian har fått beskjed frå oss om at vi ikkje vil representere han meir, fordi det er dårleg reklame for oss, forklarar ho vidare.

Før VG si kunngjering låg det presentasjonsbilde av Sellevoll på modellbyrået si nettside for oversikt over modellane. Dei er no fjerna.

– What? Har eg blitt kicka ut? Eigentleg er det veldig morosamt, men eg synest samstundes at det er eit rart grunnlag. Kva har min jobb med det å gjere, liksom, seier Sellevoll til VG i det dei ringde han før han sjølv hadde fått nyheita av Team Models.

 

Har fått andre tilbod

Sellevoll forsvarer til VG at han hadde gitt beskjed om at han skulle vere med, men at han framleis meiner deltakinga var verd jobben.

– Eg har uansett fått tilbod frå eit modellbyrå i Argentina, så dette går heilt fint, seier 20-åringen som har arbeida for modellbyrået sidan sommaren 2017.

– Eg er klar over at vi eldre nok ikkje forstår kva ungdommen blir freista av. Det er visst veldig gjævt med reality, så det kan slå begge vegar. Eg kjem til å ha ein heftig diskusjon i byrået når det gjelder desse tinga, seier Øvrebø til VG, som ikkje ønsker at bedrifta hennar skal kunne assosierast med det berykta tv-programmet.

Øvrebø valde å kutte samarbeidet med Sellevoll berre timar etter at VG først kunngjorde deltakinga hans i programmet.