Må stoppa turistar som ikkje respekterer vegstenginga: – Det er fleire som opnar bommen og køyrer gjennom

Sjølv om Modalsvegen er stengd med bom etter raset som gjekk førre tysdag, er det ikkje alle som har respekt for bommen. Fleire gonger har Geir Giljarhus i Vestland Vegteneste AS stoppa turistar som tek seg til rette.