Solendvegen er opna etter bilberging

Solendvegen er opna for trafikk etter berging av vogntoget som køyrde utfor torsdag kveld.

DEL

Det melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter.

Vegtrafikksentralen vest meldte i dag tidleg at Fv 565 Solendvegen på Radøy vart stengt like ved toppen av Lifjellet.

Årsaka er berging av vogntoget som hamna utfor vegen torsdag kveld.

– Vegen blir stengt i lang tid, det kan ta heile dagen, fortel trafikkøperatør Marianne Hove i Vegtrafikksentralen vest.

– Vogntoget ligg utfordrande til utenfor vegen nede i ei skråning. Vi veit ikkje kor lang tid berginga vil ta, seier ho.

Artikkeltags