Køyrte ned skilt og stakk frå staden: - Sjåføren har kontakta lensmannskontoret

Sjåføren køyrde inn i skilt, ut på eit jorda og stakk så frå staden. Så ringde han politiet.

DEL

Onsdag morgon klokka 07.22 melde Politiet på Twitter om ei trafikkulykke i Bøvågen.

– Ein bil har køyrt inn i eit skilt og ut på eit gjorde, skreiv dei.

Til Avisa Nordhordland fortalde operasjonssentralen at bilen var borte då dei kom til staden.

– Vi ser ingen bil lenger. Det er tydelegvis ingen som er alvorleg skada, sa operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

No har sjåføren sjølv ringt lensmannskontoret.

– No er vi kjent med kven som har vore involvert, så no får vi ta det der ifrå, seier politioverbetjent Ivar Holmaas.

Han fortel at det er bra at ein melder ifrå etter eit slikt uhell.

– Det er ein pliktig til. Uhell kan skje, seier Holmaas.

Saka er no under etterforsking.

Artikkeltags