To personar i ATV-ulykka på Manger

Av

To personar var involvert i ein ulykke med ein firehjuling i Manger i Radøy kommune i Hordaland søndag kveld. Den eine er flogen til sjukehus.

DEL

– Ein person er flogen til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, mens den andre er frakta i ambulanse til same sjukehus, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NTB.

Skadeomfanget til dei to er ikkje kjent, men begge var ved medvit då naudetatane kom til staden.

– Firehjulingen skal ha treft ein stein og deretter køyrd inn i ein betongvegg. Vi kjenner ikkje meir til omstenda rundt ulykka, men politiet er på staden og gjer undersøkingar.

Det var fleire andre personar til stades då ulykka skjedde, men det er uvisst om nokre av desse var vitne til sjølve hendinga.

Artikkeltags