Startar året med emigrantviser og amerikabrev

EMIGRANTVISER OG AMERIKABREV: Etter flott år i 2018, med rekord i besøkstalet, er Vestnorsk utvandringssenter klar for første konsert i årets program lørdag 19. januar. Visebandet Stampestuen fyller Emigrantkyrkja med vakker og historieforteljande musikk med utgangspunkt i emigrantviser og amerikabrev. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

EMIGRANTVISER OG AMERIKABREV: Etter flott år i 2018, med rekord i besøkstalet, er Vestnorsk utvandringssenter klar for første konsert i årets program lørdag 19. januar. Visebandet Stampestuen fyller Emigrantkyrkja med vakker og historieforteljande musikk med utgangspunkt i emigrantviser og amerikabrev. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Av

Laurdag ettermiddag vert Emigrantkyrkja fylt med vakker og historieforteljande musikk med utgangspunkt i emigrantviser og amerikabrev.

DEL

Alt første gongen dei fire medlemmane i Stampestuen spelte saman skjønte dei at dei hadde eit unikt uttrykk. Anders Lillebo, Beate Børli Løkken, Jon Brodal og Annar By var alle godt etablerte musikarar på den norske jazz- og folkemusikkscena før deira felles interesse for gamal visemusikk førte dei saman. Dei fann raskt tonen både på og utanfor scena og bestemte seg for å etablera bandet Stampestuen.

Saman arbeider dei med gamle viser frå inn- og utland, og forsøkjer å trekkja desse inn i vår tid. Stampestuen ønskjer først og fremst å vera historieforteljarar, og slik gje lyttaren eit innblikk i dei mange skjebnane som skjuler seg bak desse tekstane.

Inspirasjon frå ulike sjangre

I arrangeringa av musikken hentar dei inspirasjon frå ulike sjangre som jazz, pop og folkemusikk, men forsøkjer likevel å vere tru mot den opprinnelege «sjela» i visene. Gjennom ein innovativ bruk av instrument som trøorgel, hardingfele, dulcimer og salmodikon skaper dei eit spennande lydbilde som presenterer dei gamle tekstane på ein god måte.

Stampestuen si debutplate «Brev fra Amerika» tek for seg emigrantviser og annan musikk som vert knytt til den norske utvandringa til Amerika. Plata vart spelt inn på «søstermuseet» til Vestnorsk utvandringssenter, i Utvandrarkyrkja på Norsk utvandrermuseum på Hamar. No kjem dei til oss i Emigrantkyrkja. Dei skal også spela konsertar i Os og på folkemusikkscena Colombi Egg i Bergen.




Artikkeltags