Utvandringssenteret på Sletta er staden for mange aktivitetar og mykje moro tilbake til det året då Sæbø, Hordabø og Manger gjekk saman til eitt rike.
Kulturdags-opninga fredag 20. april tar deg med tilbake til dei glade 60-åra. Her kan både liten og stor få boltra seg i aktivitetar frå den tida. Ja, du blir til og med skyssa i veteranbuss siste biten frå samfunnshuset til utvandringssenteret – og det i bussen som faktisk gjekk i rute på strekninga den gongen.
Fleire Nordhordlandsmusikantar til topps i årets Hordablæsten
Strutteskjørt og brylkrem
Og vel framme kan du få testa køyrekunstane dine med kassebil – i dette tilfellet eit prakteksemplar som er bygt for kulturdags-opninga. Her stiller også Tempo-klubben og amcar-klubben med sine tidsriktige doningar.
Her kan du bli styla på håret og bli fotografert i tidsriktige klede frå den tid gutane hadde bryl i håret og jentene høgt hår og strutteskjørt.

Strålande song, spel og sverdslag i spennande skattejakt
«Dirty dancing»
For både den yngre og eldre garde kan eit gjensyn med barne-TV frå den gong bli fornøyeleg, «Mr. Nelson og Pernille».
Opninga av kulturdagane blir avslutta med utekino, og her kan du verkelege slå ut håret til nostalgisk musikk og dans. På plakaten står ein av dei kjempepopulære filmane frå 60-talet, «Dirty dancing».
– Med håpar mange radværingar, og andre, blir med både på opningsarrangementet og andre ting som står på programmet under dei ti dagane med kulturmønstring. Me kan lova eit svært variert program, noko for ein kvar smak, seier kulturrådgjevar Bente K. Hervik. Ho fortel at lag og organisasjonar som vanleg bidreg med ei rekke arrangement.
Mellom anna opnar Guttorm Storheim den unike motorsamlinga si, slik han har gjort så mange gonger før. Samlinga hans vekker stor interesse langt utanfor Radøy sine grenser.
Klimaflyktningen Arne flyttar frå Radøy og satsar ti millionar på Lesja-gard
Padletur
Du får møta andre hestekrefter på open dag på Radøy ridesenter. Vil du i det våte element kan ein padletur Radøy på langs freista.
Kulturdagane byr på utstillingar, konsertar og show. Familielaurdag på biblioteket, eller tur til kvernhus på Villanger er andre tilbod. Og det blir absolutt show når Hordabø skulemusikklag inviterer til på Sletta, med tittelen «Norsk på norsk».
Utstilling
I Manger bedehus er det galleri- og salsutstilling med Radøy-kunstnarane Elna Bauge og Bjarne Skjold. Det blir også ei kunstoppleving når vår anerkjende tekstilkunstnar Åse Eriksen tar deg med til tekstilkunsten si historie og samtid med fokus på sitt eige arbeid.
Eit gardsbesøk – i Nøtlevågen, er populært for heile familien – og ekstra stas med små lam på bøen.

Ein dag ringte plutseleg amerikanske myndigheiter til Radøy for å få hjelp til å stoppa ein storbrann i krigsherja Mosul
«Mesternes mester»
«Mesternes mister» skal kårast i Radøyhallen, to klovnar tar over Manger kyrkje, og på Bø kan du sjå utstilling om barnehagen. Broderiutstilling og konsert med Bluez Brazz inngår også i det flotte programmet.
Kulturdagane vert avslutta med ein kultur- og idrettsgalla i Radøyhallen, der både kulturprisen og idrettsprisen blir overrekt.