Bli treningskontakt – og få gode opplevingar

SUPER KOMBINASJON: Radøy kommune og Radøy idrettsråd inviterer saman med Hordaland idrettskrets til kurs for dei som kan tenkja seg å verta treningskontakt. – Det kan gje deg mange fine opplevingar, seier frå venstre rådgjevar kultur Bente K. Hervik, støttekontaktformidlar Bjarnhild Myhre, ungdomskoordinator Katarina Birkeland og Olav Steinar Namtvedt i Radøy idrettsråd.

SUPER KOMBINASJON: Radøy kommune og Radøy idrettsråd inviterer saman med Hordaland idrettskrets til kurs for dei som kan tenkja seg å verta treningskontakt. – Det kan gje deg mange fine opplevingar, seier frå venstre rådgjevar kultur Bente K. Hervik, støttekontaktformidlar Bjarnhild Myhre, ungdomskoordinator Katarina Birkeland og Olav Steinar Namtvedt i Radøy idrettsråd. Foto:

Av

Positive opplevingar, fysisk aktivitet og meiningsfull jobb. Dette er eit kinderegg for dei som vil bli treningskontakt i Radøy, og no tilbyr kommunen og idrettsrådet kurs.

DEL

– Me veit at behovet for treningskontaktar absolutt er til stades i Radøy. Me håpar at folk vert med på kurs og engasjerer seg til glede for dei som treng nokon med seg for å vera fysisk aktiv i kvardagen, seier kulturrådgjevar Bente K. Hervik i Radøy kommune.

Alt onsdag 7. november er det eit informasjonsmøte på rådhuset på Manger for dei som kan tenkja seg å vera med på kurs for treningskontaktar. Kurset går over tre samlingar. Det er fleire år sidan det vart gitt eit slikt tilbod i Radøy.

– Er du interessert i idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, og ønskjer å jobba med menneske – då kan dette vera midt i blinken for deg, seier leiar i Radøy idrettsråd, Bjørn Ove Myking.

Positive opplevingar

Målet for kurset er å gje kompetanse til treningskontaktar, som skal kunne skapa positive opplevingar rundt idrett. Som treningskontakt kan du jobba med enkeltmenneske eller gruppe, og vera med og skapa trivsel og meistringsopplevingar.

Kurset gir deg generell innføring i praktisk og teoretisk tilrettelegging av fysisk aktivitet, og grunninnføring i emne som psykiatri, rusfagleg forståing, tilrettelegging og praktisk kunnskap i treningsarbeid.

– Det er mange som heilt sikkert vil kunne gjera ein god jobb for å skapa aktivitet og trivsel for andre – og samtidig ha gode opplevingar sjølv, seier Bente K. Hervik.

Artikkeltags