«Helsesista» kjem til Nordhordland

Tale Maria Krohn Engvik, best kjent som «Helsesista», kjem til Nordhordland folkehøgskole i november.

Tale Maria Krohn Engvik, best kjent som «Helsesista», kjem til Nordhordland folkehøgskole i november. Foto:

«Helsesista» kjem til Nordhordland for å snakke om utfordringar ungdommen møter.

DEL

Torsdag 7. november kjem «Helsesista», Tale Maria Krohn Engvik, til Nordhordland Folkehøgskule for å halde føredraget «Våg å vera!».

Arrangementet skulle eigentleg vere fredag 8. november klokka 20.00, og det er derfor dette som står opplyst i Kulturprogrammet for Alver, men arrangementet har blitt flytta til dagen før, torsdag 7. november klokka 18.00.

Arrangementet er opent og gratis for alle. Tidlegare på dagen vil ho halde føredrag for skuleelevar.

Det er Trygt og godt oppvekst- og skulemiljø som arrangerer foredraget.

Artikkeltags