AUF vil kutte stortingslønn til 800.000 kroner

Av
DEL

AUF foreslår å redusere stortingsrepresentantanes lønn med 189.000 og statsrådanes lønn med 412.000 kroner, skriv Dagbladet.

Leder Ina Libak i AUF har eit ferskt landsstyrevedtak i ryggen når ho no ber toppolitikarane vise moderasjon.

– Vi meiner nivået på politikarløningane er for høgt. I ein tid med aukande uro og svekt tillit til dei politiske institusjonane, er det viktig at politikarane sjølv viser moderasjon og tar tak for å redusere avstanden mellom folk og makt, seier Libak til avisa.

Den årlege godtgjersla til stortingsrepresentantane er i dag 987.997 kroner. Statsrådar tener 1.410.073 kroner årleg.

Landsstyret i AUF foreslår å la lønnsfastsetjinga følge størrelsen på grunnbeløpet, slik at stortingsrepresentantar skal tene 8G, som i 2019 utgjør 798.864 kroner, medan statsrådar skal tene 10G, som utgjør 998.580 kroner.

Eva Kristin Hansen (Ap), visepresident på Stortinget, kjem ikkje ungdomspartiet i møte.

– Dei siste årene har stortingsløna følgt gjennomsnittleg lønnsvekst etter anbefaling frå lønnskommisjonen. Dette har vi følgt, seier Ap-representanten.

(©NTB)

Artikkeltags