Startar tverrpolitisk samarbeid om Pride-parade i Knarvik

Maren Konstanse Svellingen Svendsen (t.v), Regina Sandven og Ole Christian Kartveit Valdersnes

Maren Konstanse Svellingen Svendsen (t.v), Regina Sandven og Ole Christian Kartveit Valdersnes Foto:

Hadde du deltatt i paraden i Nordhordland? Ta del i avstemminga nederst!

DEL

I førre veke gjekk den store Pride-paraden av stabelen i Bergen, samt fleire andre stader i Noreg og verda, og feiringa er framleis langt ifrå over. Avisa Nordhordland snakka med fleire ungdomspolitikarar frå Nordhordland, om deira ønske om at feiringa også skulle skje innan lokale rammer frå og med 2020.

No har dei planar om eit tverrpolitisk samarbeid i form av ein ny organisasjon, for å vekkje engasjementet dei håpar allereie bur i nordhordlendingane.

– Initiativet går ut på å starte planlegginga av «Nordhordland Pride». Me skal etablere ein ideell organisasjon som aktivt arbeider mot å lage eit stort pride med fokus på bygda og kva problemstillingar me møter her, seier ein av dei engasjerte ungdommane, Aron Jasperr Lona.

– Dei skal ha Pride i Førde med rundt 10.000 innbyggjarar. Nye Alver får rundt 30.000 innbyggjarar. At me då ikkje kan ha ein liten aktivitet rundt Pride, er kanskje litt uheldig. Eg vert litt flau, sa styremedlem i Nordhordland AUF til avisa førre veke.

Per dags dato er dei fem grunnleggjarar av den framtidige organisasjonen, og håpar på fleire som er like engasjert som dei i saka også vil kome til. Gruppa består av styremedlem frå ungdomslokallaga til både Høgre, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Har hatt ønsket lenge

Valdersnes meiner at å ta initiativet om å få Pride til Nordhordland er ei for stor oppgåve for eitt ungdomsparti åleine, og meiner derfor det er svært positivt at dei no kan gå saman på tvers av ideologiske skiljelinjer.

Leiar for Nordhordland Sosialistisk Ungdom, André Fresvik, fortalde avisa at ungdomspartiet lenge har ønska å starte eit slikt initiativ, men var likevel einig i Valdersnes sin konklusjon, nemleg at tida og ressursane kan bli knappe. Han tvilar derimot ikkje på at nordhordlendingane hadde vore positive til eit slikt arrangement.

André Fresvik,

André Fresvik, Foto:

Aron Jasperr Lona fortel at dei også har sendt ut førespurnader til alle ungdomsorganisasjonar og organisasjonar som kan vere aktuelle å opprette nye samarbeid med.

– Me har ikkje valt leiar av initiativet enda, det kjem til å verte sett opp eit eige arrangement og kalla inn så me kan demokratisk velje eit styre som tek hovudansvaret for arrangering. Eg veit at eg i alle fall skal stille, og reknar med alle andre i initiativet gjer det same, held han fram.

Leiar for lokallaget til AUF, Regina Sandven, var derimot ikkje like skråsikker på korleis eit slikt arrangement ville blitt tatt imot, og at det framleis er ein lang veg å gå før tabuet rundt homofili er fjerna frå distriktet.

Suksessfull distriktsfeiring på Osterøy

11. mai vart det arrangert ein suksessfull parade på Osterøy, der det ifølge Bergensavisen møtte opp mellom tre og fire hundre menneske.

– Eg synest det er imponerande at Osterøy klarte å lage ein så god «Bygdepride» som dei gjorde. No hadde dei jo også ein ekstremt god sak å stille seg bak, seier Valdersnes og visar til debatten rundt prestane sine preferansar rundt vigsel av homofile, som den siste tida har vore mykje debattert på øya.

André Fresvik og Aron Jasperr Lona vil starte ein organisasjon for å få nordhordlendingane med på Pride-feiringa. Arkivfoto: Synne P. Syslak

André Fresvik og Aron Jasperr Lona vil starte ein organisasjon for å få nordhordlendingane med på Pride-feiringa. Arkivfoto: Synne P. Syslak Foto:

– No håpar vi på like stort engasjement, om ikkje meir, på ei feiring i Nordhordland, held han fram.

– Målet er å lage eit Pride med historisk perspektiv som også retter fokus på kva det er, bør og må vere på bygda, og forhåpentlegvis vert det stort. Me trur og mange bedrifter og organisasjonar, samt fotballag og skular sluttar seg til arrangementet. Me skal følge litt etter kva som har vorte gjort i nyare tid. Storapride og Osterøy Pride, med inspirasjon frå Bygdepride som er eit fenomen som i det siste har sprunge fram i heile landet, seier Lona.

Laster avstemning...
Laster avstemning...

Artikkeltags