Posten gjennomfører planlagt sentralisering – mange hundre blir ramma

Jobbane til fleire hundre tilsette rundt om i landet står i fare. Ifølgje Posten Noreg kan 300 årsverk knytte til ruteklargjering bli ramma.

Jobbane til fleire hundre tilsette rundt om i landet står i fare. Ifølgje Posten Noreg kan 300 årsverk knytte til ruteklargjering bli ramma. Foto:

Av

Posten varsla før jul at 300 jobbar i Bergen, Trondheim, Stavanger, Molde og Stokke blir sentraliserte.

DEL

Dermed blir planane om at ruteklargjering av post blir flytte til Lørenskog utanfor Oslo gjennomførte. Arbeidsplassar i Bergen, Stavanger og Stokke forsvinn 2. september i år. I Trondheim og Molde skjer sentraliseringa i februar eller mars neste år, melder NRK.

Jobbane til fleire hundre tilsette rundt om i landet står i fare. Ifølgje Posten Noreg kan 300 årsverk knytte til ruteklargjering bli ramma. Det er førebels ikkje kjent kor mange som mistar jobben.

– Digitaliseringa av samfunnet gjer at vi sender mindre post. Med det raske fallet vi ser i talet på brev, hastar det å gjennomføre ytterlegare tiltak som gir økonomisk effekt allereie i 2019. Sentralisering av ruteklargjering er eitt av tiltaka vi vil vurdere, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg før jul då omorganiseringa vart kjend.

Artikkeltags