Fusk på førarprøva skal gi eitt års karantene

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Regjeringa la i dag fram eit lovforslag for Stortinget om endringar i fleire føresegner i vegtrafikklova.

Mellom anna blir det foreslått at kandidatar som fuskar til førarprøva kan få inntil eitt års karantenetid før ein kan gå opp til ny prøve.

I dag får dei som fuskar same karantenetid som dei som stryk, altså berre to eller fire veker før dei kan ta ny prøve.

Det har dei seinare åra vore ei auke i talet på fusk til førarprøva. Tiltak som kan bidra til å redusera omfanget av fusk er viktig for å hindre at ukvalifiserte førarar slepp ut i trafikken. Slike førarar er ein fare i trafikken for seg sjølv og andre.

– Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førarar som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

– No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil eitt års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som stryk vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken