NRK ber om lisensauke

NRK ber om at lisensen vert auka med 75 kroner i 2019.

NRK ber om at lisensen vert auka med 75 kroner i 2019. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I eit brev til Kulturdepartementet ber kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen om at kringkastingsavgifta vert auka med 75 kroner i 2019.

DEL

I så fall vil lisensen auke til totalt 3.054 kroner inkludert moms neste år. Auke av lisensen i 2018 var på 102 kroner samanlikna med fjoråret. Det skriv Dagens Næringsliv.

Etter moms vil NRK i 2018 få inn om lag 5,4 milliardar kroner i lisenspengar og dersom forslaget går gjennom vil lisenstotalen auke til 5,5 milliardar kroner til neste år.

Kringkastingsavgifta er ei lovpålagt offentleg avgift som vert fastsett av Stortinget kvart år. Plikta til å betale kringkastingsavgift er uavhengig av kva fjernsynsmottakar du har, og kva for kanalar du vel å sjå på.

Det årlege lisensbrevet vart sendt 27. april.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken