Sjå stor bildeserie frå Stordalen: Stort engasjement for naturen i frykt for vindmølleutbygging

13. mai 2019, kl. 05:31

Søndag 12. mai vart det arrangert støttemarsj for naturen i Stordalen. Målet var å seie nei til vindkraftutbygging i området og vise det store engasjementet blant lokale for å hindre utbygginga. Dagen byrja med ein felles fjelltur frå skitrekket i Stordalen til Perstova. Frå kl. 15-17 tok hovudarrangementet stad ved Stordalen Fjellstove der fleire politikarar fekk halde appel.