Bil har gått rundt på Radøyvegen

Føraren er sendt til sjukehus med ambulanse.

DEL

Oppdatert: Klokka 16.30 melder Vest politidistrikt at alle naudetatar er framme på staden.

– Personen er ute av køyretøyet, og fraktast til sjukehus med ambulanse. Framstod ikkje alvorleg skadd, melder dei på Twitter.

I følge politiet er det litt kø på staden, men vegen er open.

Klokka 15.54 fekk politiet melding om ei trafikkulykke ved Remme på Fv 565 Radøyvegen.

– Brannvesenet er framme og sikrar skadestaden. Bilen står på hjula, og sjåføren er ute av bilen. Han vert tilsett av helse på staden, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Jan Ove Haga til BA.

Det er ingen andre bilar involvert i ulykka, og bilen har hamna omkring 20 meter utfor vegen.

– Ein bil skal ha køyrd av vegen og gått rundt. Ein person i bilen. Er bevisst, men kjem seg ikkje ut. Framstår ikkje alvorleg skadd, melder politiet på Twitter.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags