UP tok 20 for høg fart

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Laurdag kveld hadde utrykkingspolitiet kontroll på E39 ved Eknes i Lindås. Kontrollen varte i fire timar, frå 17.30 til 21.30.

Heile 20 forenkla førelegg vart skrive ut til bilførarar som hadde for høg fart i 70-sona.

Høgaste målte fart var 93 km/t.

Denne bilføraren må ut med 6.400 kroner til statskassa og får tre prikkar på førarkortet.

Artikkeltags