Null promille morgon og kveld

DEL

Lørdag morgon i 8.30-tida hadde politiet promillekontroll på Nordhordlandsbrua.

– Eit 30-tals bilførarar vart kontrollerte, men det var ingen med promille ute på vegen, fortel Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

Lørdag kveld hadde politiet promillekontroll på Fv 57 Mongstadvegen på Lindås, der dei stod ein times tid.

– Heller ikkje her vart det stoppa nokon med promille, fortel Våge.

Artikkeltags