Ny trafikkulykke i Lindås: To bilar kolliderte på fylkesveg 57

DEL

–To bilar har kollidert omtrent ved krysset til Åse.

Dette skriv Vest politidistrikt på Twitter, omtrent klokka 13.

Det var ikkje personskade.

Eitt felt var ei stund stengt etter ulykka, og trafikken blei då dirigert forbi staden.

I 13.40-tida melde Vegtrafikksentralen vest at vegen var open for fri ferdsel igjen.

Har du tips til oss frå trafikken? Ta kontakt på vår vakttelefon 916 20 916 eller send SMS med kodeord «NHTIPS» til 2005.

Artikkeltags