No blir førarkortet snart digitalt

DET GAMLE: Førarkortet slik vi kjenner det i dag, frå den gong det kom ned til storleiken til eit bankkort. No skal førarkortet bli digitalisert.

DET GAMLE: Førarkortet slik vi kjenner det i dag, frå den gong det kom ned til storleiken til eit bankkort. No skal førarkortet bli digitalisert. Foto:

Av
DEL

Snart treng du ikkje ha med deg førarkortet når du skal ut og køyre.

– Dette gjer kvardagen enklare for bilistane, samstundes med at styresmaktene får meir oppdatert informasjon enn det fysiske førarkortet gir i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i ei pressemelding.

Han viser spesielt til dei små turane med bil, som når du skal hente i barnehagen eller køyre nokon til toget. Snart kan du la alt anna enn mobilen liggje heime når du skal køyre desse turane.

Vegdirektoratet sender no ut eit forslag på høyring om regelverksendringar for å legge til rette for digitalt førarkort. Dei siste åra har Statens vegvesen arbeidd for fleire digitale løysingar.

Det digitale førarkortet skal vere eit fullverdig førarkort, men skal vere eit frivillig supplement til det fysiske.

– Det vil vere tilstrekkeleg å ha det liggjande på mobilen – som dei fleste uansett alltid har med seg, seier Dale.

Det blir arbeidd for at den digitale løysinga kan takast i bruk til hausten.

Artikkeltags