Høyrde skrik om hjelp på Radøy – Stor redningsaksjon i natt

Radøy  20181217.
Politi, brannvesen,  Røde Kors, ambulanse, Norske redningshunder, dykkere, luftambulanse  og redningsskøyte deltar i en redningsaksjon som er sett i gang ved Austmarka ved Radsundet på Radøy da en mann hørte skriking om hjelp.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Radøy 20181217. Politi, brannvesen, Røde Kors, ambulanse, Norske redningshunder, dykkere, luftambulanse og redningsskøyte deltar i en redningsaksjon som er sett i gang ved Austmarka ved Radsundet på Radøy da en mann hørte skriking om hjelp. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix Foto:

Redningsaksjonen som blei sett i gang etter at nokon høyrde skrik om hjelp i Austmarka på Radøy natt til måndag, blei avslutta ved 2.30-tida

DEL

– Klokka 22.55 fekk vi melding frå ein person som hadde høyrt intense skrik om hjelp ved Austmarka på austsida av Radøy. Det var vanskeleg for han å avklara om skrika kom frå sjøen eller frå land. Vi har difor valt å setta i verk ein større redningsaksjon, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til NTB.

Like etter klokka 2.30 opplyser operasjonsleiar Dag Olav Sætre at søket er avslutta.

– Vi har ikkje fått inn nokon nye meldingar eller informasjon om at nokon er sakna. Vi har søkt gjennom det området vi meinar er aktuelt ut frå der vi fekk beskjed om at lyden var høyrt, så vi føler vi no har fått gjort det vi kan, seier Sætre til NTB.

Han har ikkje full oversikt over kor mange personar som deltok i søket, men seier det blei sett inn store ressursar.

Radøy  20181217.
Politi, brannvesen,  Røde Kors, ambulanse, Norske redningshunder, dykkere, luftambulanse  og redningsskøyte deltar i en redningsaksjon som er sett i gang ved Austmarka ved Radsundet på Radøy da en mann hørte skriking om hjelp.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Radøy 20181217. Politi, brannvesen, Røde Kors, ambulanse, Norske redningshunder, dykkere, luftambulanse og redningsskøyte deltar i en redningsaksjon som er sett i gang ved Austmarka ved Radsundet på Radøy da en mann hørte skriking om hjelp. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix Foto:

– I tillegg til personell frå politiet, Røde Kors og Norske Redningshunder, var det fire båtar i aksjon – ein frå brannvesenet, ein frå redningsselskapet og to frå Røde Kors – samt luftambulansen. Det blei søkt både på land og i sjøen, fortel operasjonsleiaren.

Politiet bad tidleg folk som hadde høyrt noko i området om å kontakta dei, men det førte ikkje til at det kom inn nokon nye opplysningar.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags