Lauslet to menn etter valdssaka i Meland Aktiv

To personar vart sendt til Haukeland med brotskadar etter at de skal ha blitt angrepet på treningssenteret Meland Aktiv søndag ettermiddag. Foto: Morten Sæle/Avisa Nordhordland

To personar vart sendt til Haukeland med brotskadar etter at de skal ha blitt angrepet på treningssenteret Meland Aktiv søndag ettermiddag. Foto: Morten Sæle/Avisa Nordhordland

Artikkelen er over 1 år gammel

Begge er sikta for å ha medverka til at to menn fekk juling. Politet meiner det ikkje er grunnlag for varetektsfenglsing.

DEL

Søndag rykte politiet ut til treningssenteret Meland Aktiv på Frekhaug i Nordhordland.

Ein person skal ha forsvunne av i bil etter å ha gått laus på to menn med vektstong.

Tysdag vart to personar pågripne og sikta for medverking til valden. Dei har sidan pågripinga vore i fleire avhøyr.

– Vi har avgjort å lauslate begge to, bekreftar Kjell Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland.

Han understrekar at dei framleis er sikta, men at politiet ikkje har funnet det nødvendig å framstilla dei for varetektsfengsling.

Nektar straffskyld

Begge mennene er i 20-åra.

– Vi meiner det ikkje lenger er fare å øydeleggje bevis, seier han.

Begge nektar for å ha medverka til valdshandlingane.

Politiet har sidan hendinga jakta personen som stakk av i bil. Han er enno ikkje pågripe.

Dei to ofra vart begge sendt til sjukehus med brotskadar. Den eine av dei brekte den eine handa, samt fekk skadar i ansiktet. Den andre personen skal ha brekt begge armane, ifølge politiet.

På sjukehus

Måndag besøkte BA ein av dei to personane som vart angripen i Meland Aktiv. Raimondas (38) fortalde frå sjukesenga at han vart angripen av ein mann med vektstong, og at det første han gjorde var å slå mot hovudet hans.

Raimondas (38) på sjukehuset med brotskader etter at han vart angripen i treningslokalet søndag. Foto: Emil Weatherhead Breistein

Raimondas (38) på sjukehuset med brotskader etter at han vart angripen i treningslokalet søndag. Foto: Emil Weatherhead Breistein

– Vi går inn, og det var fleire andre menneske der. Etter at vi nesten var ferdig med treninga, gjekk vennen min til eit anna rom. Eg skulle gjera meg ferdig med mitt sett, og eg kunne ikkje høyra noko fordi eg hadde musikk på ørane.


– Det neste eg hugsar er at eg snur meg rundt, og plutseleg ser eg ein veldig aggressiv mann koma mot meg. Han slo ein jernstong mot hovudet mitt, men trefte headsettet. Det redda truleg livet mitt.

Artikkeltags