Redningsaksjon i Masfjorden

DEL

Oppdatert: Klokka 20.30 klarte luftambulansen å lokalisere mannen.

– Han er no henta ut og i kontakt med helsepersonell, melder politiet på Twitter.

Klokka 19.20 fekk politiet melding om ein turgåar i Nørlandsdalen i Masfjorden som ikkje kjem seg attende til bilen sin grunna sjukdom.

Turgåaren er ein mann på 74 år.

Frivillige leitemannskap vart kalla ut, og Luftambulansen gjorde søk.

Eit redningshelikopter frå Florø var i beredskap om Luftambulansen ikkje skulle lukkast med å lokalisera mannen.

Ut frå opplysningar politiet hadde fått, visste dei om lag kor mannen var.

– Vi har ein ganske god ide om kor mannen er. Han er ikkje skadd, men grunna eit sjukdomstilfelle, treng han hjelp til å komme seg ned, sa redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS), Andreas Bull, til BA.

Artikkeltags