Redningsaksjon etter turgåar i Lindås

DEL

Måndag kveld klokka 22.02 fekk politiet ein telefon frå ei kvinne som hadde gått seg vill i området mellom Kalvedalshytta og Vikanes, og det var iverksett ein redningsaksjon.

– Vi er i kontakt med kvinna på telefon, men ho veit ikkje kvar ho er, frivillige er kalt ut for å søke etter kvinna, melde politiet på Twitter.

Det var også sett inn helikopter i søket.

Klokka 00.30 kunne politiet melda at kvinna var funne.

– Eit redningshelikopter har funne kvinna i god behald, melder politiet.

Artikkeltags