Mann (71) frå Lindås omkom på NGIR-anlegget i Kjevikdalen

DEL

OPPDATERT: Det var ein 71 år gammal mann frå Lindås som døde i Kjevikdalen. Det stadfestar politiet.

Operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt seier til avisa Nordhordland at vedkommande som er funne ikkje er tilsett ved NGIR sitt anlegg.

– Vedkommande vart funne mellom ein konteinar og ein vegg. Vi konkluderer førebels med at personen har falt eller fått eit anfall, seier Rebnord.

Bergens Tidende skriv at politiet har fått stadfesta at mannen var inne på anlegget i Kjevikdalen for å kasta boss.

– Mannen var besøkande og skulle kasta noko boss, då han falt mellom containeren og veggen, seier Rebnord til avisa.

Bergens Tidende skriv at mannen hadde med seg folk på anlegg.

Mannen datt ned mellom ein container og ein vegg, men folk på anlegget drog mannen fram og starta gjenoppliving før naudetatane kom fram til staden.

Politiet vil no avhøyra vitne og gjennomføra ei åstadsundersøking på staden. Gjenvinningsstasjonen er stengd for publikum.

Politiet på staden opplyser til vår journalist at dei held på å avslutta sitt arbeid, og at dei reknar med at gjenvinningsstasjonen snart kan opna for publikum att.

Stengd ut dagen

Dagleg leiar Bjørn Berg i NGIR seier til avisa Nordhordland at dei får ein debrief frå politiet etter hendinga.

– Det eg kan seia no er at det vart full stopp her på anlegget hos oss, og enn så lenge er stasjonen stengd. Eg vil anta at det vert stengd ut dagen, seier Berg.

Klokka 12.35 melde politiet på Twitter at ein person er funne livlaus i gjenvinningsanlegget til NGIR i Kjevikdalen.

Alle naudetatane er på staden, luftambulansen er også på plass.

Fylkesveg 57 Lindåsvegen var ein periode stengd på staden, sidan luftambulansen landa i vegen.

Vegen er no opna att.

Artikkeltags