Svingte unna hjort, traff stolpe

Artikkelen er over 1 år gammel

Trafikkulykke på Radøy.

DEL

OPPDATERT: Vegen er no open for personbilar, men det er ikkje mogleg for større køyretøy å passera.

– Politi og ambulanse var framme på staden litt over 0900. Det ser ikkje ut til å vera personskade, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Politiet melder at ein bil har svingt unna ein hjort, køyrd ut av vegen og truffe ein stolpe på Radøy.

– Person ute av bilen. Store skadar på bil, melder politiet på Twitter.

Det skal ligga straumførande leidningar i vegen. Brannvesenet er på staden, og vegen er stengd.

Ulykka skal ha skjedd på Fylkesveg 409 Radøyvegen, ved krysset til Skjenet.

Artikkeltags