Etterlyser eigar av kjetting

Etterlyser eigar: Foto: Politiet
Fredag føremiddag i 11-tida fekk politiet melding om mykje kjetting som låg i vegbana ved Nordhordlandsbrua.
– Vi fekk mange telefonar på dette, kjettingen låg heilt i byrjinga av brua, fortel politioverbetjent Kurt Inge Hordvik ved Nordhordland lensmannskontor.
Ein patrulje rykka ut og fekk fjerna kjettingen.
– Det er mykje kjetting, seier Hordvik.
No etterlyser dei eigaren av kjettingen, som kjem frå ein Scania-lastebil.
– Heile kjettingopphenget med krokar og ein skvettlapp merka Scania har ramla av og gått rett i bakken. Vi er interesserte i å komma i kontakt med eigaren, det er sikkert kjetting for litt pengar dette, seier han.
Saknar du kjettingane dine eller har relevante opplysningar i saka kan du ringa politiet på 02800 eller Nordhordland lensmannsdistrikt på telefon 56 35 56 70.