Trafikkuhell på Radøy: – Truleg påkøyrsel bakfrå

DEL

Klokka 08.47 onsdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Sletta i Radøy kommune.

– Det er litt uklare meldingar og difor eit litt ukjent hendingsforløp, men truleg er det snakk om ein påkøyrsel bakfrå, seier politioverbetjent ved Nordhordland Lensmannskontor, Glenn Ulrik Våge.

Den eine bilen skal ha stoppa, deretter skal den andre køyrt inn i bilen framfor seg.

Politioverbetjenten fortel at uhellet skal ha skjedd i låg fart.

– Politiet var på staden og tok undersøkingar. Truleg vil dette gå som ein skademeldingssak, seier Våge til Avisa Nordhordland.


Artikkeltags