Knakk finger på vakt

Artikkelen er over 1 år gammel

Det oppstod ein del tumultar i samband med Stavangerkameratene sin konsert i Hordabøhallen laurdag.

DEL

– Ein vakt på arrangementet har fått knekt ein finger, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i politidistrikt vest.

Politiet fekk melding om episoden 23.19.

Det skal ha oppstått ein konfrontasjon mellom ein vakt og ein tilskodar på konserten.

– Politiet var i kontakt med ein mistenkt person, og han fekk pålegg om å ikkje returnere til staden, seier han.

Det vert oppretta sak på tilhøvet.

Slåstkamp

Seinare på natta, klokka 03.44, vart det på nytt meldt om bråk ved Hordabøhallen.

– Det var full slåstkamp. Det var to menn på 44 og 21 år som slåst, og det skal ha vore mykje skriking, dytting og slåing, seier Magnussen.

– Politiet har fått to vidt ulike forklaringar. Den eine meiner det heile er ei misforståing, den andre meiner ikkje det, seier Magnussen.

Politiet var på staden og tok kontroll på begge to, og det vert oppretta sak på kroppskrenking.

Artikkeltags