39 personar tatt i fartskontroll

UP varslar storkontroll denne veka. Illustrasjonsfoto

UP varslar storkontroll denne veka. Illustrasjonsfoto Foto:

DEL

På Twitter melder politiet at UP har gjennomført to fartskontrollar i Nordhordland. Den første var på E39, Ostereidet. Kontrollen vart gjort i tidsrommet 11:50-15:00 i ei 50-sone.

UP gav ut 25 forenkla førelegg, og ein vart meldt til politiet og fekk førarkortet beslaglagt då vedkommande hadde for mange prikkar på førarkortet. Den høgaste farten vart målt til 73 km/t.

Dei har også hatt ein kontroll på Sognevegen i Matredal. Denne kontrollen vart gjort i tidsrommet 12:00-15:30 i ei 80-sone. Her fekk 12 personar forenkla førelegg. I tillegg fekk ein person førarkortet beslaglagt då han vart målt til 133 km/t.

UP har tidlegare denne veka gått ut med at dei har storkontroll over heile landet denne veka.

Les meir om det her:

Artikkeltags