Politiet fekk melding om skyting

Artikkelen er over 1 år gammel

Meldar hadde høyrd 12-13 skot.

DEL

Klokka 13.30 lørdag fekk politiet melding om om skyting i Fageråsen i Meland.

– Meldar fortel at det høyrest ut som nokon skyt i området, og at han har høyrd 12-13 skot så langt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Fageråsen ligg mellom Mjåtveitstø og Dalstø, og er eit mykje brukt turområde.

– Ein patrulje har vore på staden og lytta. Dei har også høyrd smell, men kan ikkje seia sikkert at det er skyting, seier Kolltveit.

Politiet meiner det truleg er snakk om arbeid eller øvelseskyting av noko slag.

– Vi har ikkje funne ut kor smella kjem frå, seier Kolltveit.

Artikkeltags