Politiet treng opplysningar etter stolen påhengsmotor

DEL

Onsdag denne veka fekk politiet inn ei melding om ein stolen påhengsmotor.

Dette skal ha skjedd like ved kommunegrensa i Lindås og Masfjorden.

– Det er snakk om ein 70 hk Yamaha påhengsmotor som låg på Masfjord-sida, fortel lensmann, Kjell Idar Vangberg.

Han fortel vidare at det skal ha skjedd natt til onsdag.

Vangberg fortel at dei er interessert i tips rundt saka.

– Om nokon har nokon opplysningar så ber vi dykk om å ta kontakt med oss.

Artikkeltags