Har du kjøpt slike sko på Spar Kjøp? Då vil politiet komme i kontakt med deg

Slik ser solane på dei aktuelle skoa ut.

Slik ser solane på dei aktuelle skoa ut. Foto:

Politiet etterlyser no personar som har kjøpt Sprox-sko på 24 ulike Spar Kjøp butikkar mellom august 2016 og mai 2019.

DEL

VG skriv at sko som kan ha blitt brukt av den som bortførte Anne- Elisabeth Hagen i Lørenskog i fjor haust vert selde i 24 fysiske butikkar landet over. Ein av dei butikkane er Spar Kjøp i Førde.

Det er sko i størrelse 44, 45 og 46 politiet er interesserte i. Det er selt totalt 200 slike sko i Bergen i den aktuelle perioden, kor 80 av dei er selt hjå Spar Kjøp Åsane.

Slik ser Sprox-skoa ut.

Slik ser Sprox-skoa ut. Foto:

Politiet har sikra og identifisert fleire avtrykk av skosolar frå ekteparet Hagen sin bustad. Men dette eine, som altså er ein Sprox-sko, har dei så langt ikkje klart å identifisere eigar eller brukar av, skriv VG.

Til avisa seier etterforskingsleiar Tommy Brøske at dei ber personar som har kjøpt slik sko i Norge i dei aktuelle størrelsane mellom august 2016 og mai 2019 om å ta kontakt med politiet. Han reknar med at rundt 300 par er betalte kontant, og det er dei som har kjøpt kontant politiet ønsker å komme i kontakt med.

Politiet har oversikt over skokjøpa som er gjort med kort, og seier at dei gjerne vil bli kontakta av dei som er usikre på om dei betalte med kort eller kontant også.

Politiet har torsdag offentleggjort bilde av skoa og av skoavtrykket dei har funne, mellom anna i VG.




Artikkeltags