Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar profesjonell bande er på ferde: Fem båtmotorar stolne frå Kvalheim fritid

Artikkelen er over 3 år gammel

– Eg blir mest forbanna for at folk ikkje kan halde fingrane vekke frå det som ikkje er deira, det er utruleg kjedeleg.

Det seier Ann-Sophie Lindahl ved Kvalheim fritid.

Ho trur det er profesjonelle tjuvar som har vore på ferde, og vil åtvara andre i området.

– Det er ganske klinisk gjort, dei har ikke skada sjølve båtene. Dei har hatt med tungt verktøy og klipt av kablar og styring, fortel ho.

– Dei har ikkje tatt noko anna frå båtane, det er tydelegvis berre motorar dei har vore ute etter.

Ho seier tjuveriet må ha skjedd natt til onsdag.

– Det snødde tidleg på morgonen, og det var ingen spor i snøen, fortel ho.

Lindahl fortvilar over at folk ikkje kan halde fingrane vekke frå det som ikkje er deira.

Båtane stod på land for vinteren. Totalt låg det ni båtar på staden.

– Dette er riktig kjedeleg for oss. For det første er det store verdiar. Alt må kablast om, det vert mykje arbeid, seier ho.

– For oss startar sesongen her i starten av mars, vi må vera klar til påske. Eg blir mest forbanna for folk ikkje kan halde fingrane vekke frå det som ikkje er deira, det er utruleg kjedeleg.

Motorane er sporbare, og er tjuverisikra med merking, men Lindahl fryktar dei forsvinn ut av landet.

– Vi håpar på det beste. Vi er veldig nøgd med politiet, dei tok i mot anmeldinga utanom opningstid, og har vore her ute i fleire timar og prøvd å sikra spor, seier ho.

Les også

Heimehjelp stal pengar frå pasientane

Lindahl oppfordrar andre i området til å sjå etter båtane sine.

– Eg trur dette kan vera ein bande som kan slå til andre stader.

Lensmann Kjell Idar Vangberg stadfestar at tjuveriet har skjedd i tidsrommet 6. februar seint på kvelden eller natt til 7. februar.

– Det er fem påhengsmotorar som er stole frå ulike båtar. Båtane stod plassert på parkeringsplassen til Kvalheim fritidssenter i Bøvågen, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Motorane som er stolne er to stk 50 hk Yamaha, to stk 25 hk Yamaha og ein 50 hk Mercury.

– Dei som har tatt motorane må ha vore her med bil og henta, seier lensmannen.

Om nokon har opplysningar i saka, er politiet interessert i tips.

Du kan kontakta politiet på 02800 eller Nordhordland lensmannskontor på 56 35 56 70.

Les også

Etterlyser eigar av kjetting

Kommentarer til denne saken