Dame i 60-åra blei påkøyrd av syklist: No treng politiet hjelp

DEL

Ei dame i 60-åra blei 25. september påkøyrt bakfrå av ein ungdom på sykkel. Ulykka skal ha skjedd ved Nordhordlandshallen på ettermiddagstid.

– Dama falt og slo hovudet i vegen. Ho har vore til legebehandling, fortel politioverbetjent Ivar Holmaas.

Holmaas fortel at dama har problem med å forklare hendinga og at ho på grunn av helsemessige årsaker har behov for å vite kva som skjedde.

– Vi er ikkje ute etter nokon å straffe, men dama treng å komme i kontakt med ungdommen som sykla slik at ho kan få dei opplysingane ho treng, seier Holmaas.

Holmaas ber dermed ungdommen som sykla om å ta kontakt med lensmannskontoret.


Artikkeltags