Politiet nærmar seg ei avgjerd i fregattsaka

Det blir mellom anna undersøkt om skipet låg riktig i farvatnet, og om det vart gitt riktig signal til fregatten som kom imot.

Det blir mellom anna undersøkt om skipet låg riktig i farvatnet, og om det vart gitt riktig signal til fregatten som kom imot. Foto:

Etterforskinga av havariet til fregatten Helge Ingstad er snart ferdig. Politiarbeidet har særleg vore retta mot tre personar.

DEL

NTB: Dei tre som har status som mistenkte, er losen på tankskipet Sola som fregatten kolliderte med, vaktsjefen på KNM Helge Ingstad og ein person ved trafikksentralen på Fedje, skriv Teknisk Ukeblad.

Påtaleansvarleg, politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Vest politidistrikt, seier det er usikkert i kva grad dei vil vente med å ta ei påtalemessig avgjerd til Havarikommisjonen er ferdig med den endelege rapporten sin.

– Det er ikkje gitt at vi vil vente heilt til november når kommisjonen skal levere rapporten sin. Sidan det er mange aktørar involverte i saka, er det førebels vanskeleg å seie nøyaktig når vi er klare til å ta ei avgjerd, seier Mevatne.

Losen på tankskipet har vore mistenkt for brot på navigasjonsreglane. Mellom anna blir det undersøkt om skipet låg riktig i farvatnet, og om det vart gitt riktig signal til fregatten som kom imot.

Den mistenkte på fregatten er vaktsjefen som var ansvarleg på brua då kollisjonen skjedde, medan personen ved trafikksentralen på Fedje skal vere mistenkt for uforstand i tenesta.

Avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth i Havarikommisjonen har uttalt at rapporten vil bli levert seinast tolv månader etter ulykka, det vil seie 8. november.

Ifølgje Forsvarsmateriells utrekningar vil det koste 12 til 14 milliardar kroner å reparere fregatten, medan ein ny vil koste 11 til 12 milliardar kroner.

Fregatten kolliderte med tankskipet Sola i Øygarden i Hordaland natt til 8. november i fjor. KNM Helge Ingstad fekk ei stor flenge i sida av skroget og vart liggande i fjæresteinane i nesten fire månader før han vart heva og frakta til Haakonsvern i Bergen.

Artikkeltags